tirsdag 22. september 2009

Frivillig oppgave 2: Datavirus

Datavirus er små program som utfører handlingar utan kjent hensikt, eller som øydelegg maskinvare for andre. Mylderet av datavirus og malware vert inndelt i tre typar, gjerne i kombinasjon: Filvirus (som heng seg på filer, t.d.frå Internett), systemvirus ( som spreier seg via fysiske lagringsmedier t.d. CD-ar) og Makrovirus ( som ofte spreier seg gjennom vedlegg til e-post). Den enkelte brukar har ansvar for å beskytte seg mot virus, og for å unngå å spreie det.
Kva er risikooppførsel i forhold til datavirus?
For å unngå virus må ein ha eit oppdatert antivirusprogram innstallert og aktivt. Det er svært risikabelt å ikkje oppdatere det.
Ein skal ikkje laste ukritisk ned frå nettet, eller klikke på lenker ein ikkje veit kvar dei kjem frå.
Filvedlegga i e-postar må ikkje åpnast før ein har sett kven som er avsendar og kva emnet er.
Ein skal også vere bevisst i bruken av deleprogram, diskettar og heimebrente CD-ar.
Til slutt må det nemnast at alle brukarar av ei maskin må vere like opptatt av tryggleiken skal det ha ei hensikt.

Testinnlegg

Dette innlegget er kun ein test.
Dette innlegget er kun ein test.